Lukka heng høgt i trea
Med enkle midlar kan ein skapa spanande leikestativ i skogen. Om korleis Hildre laga naturleikeplass på naturen og barna sine premissar.
Bli kjent med skulen, folka våre og historia bak Hildre Montessoriskule.
Kven er me
Hildre Montessoriskule er ein privat barne- og ungdomsskule på Hildre, i naturskjønne kystomgjevnadar nord for Ålesund på Sunnmøre. Skulen tilbyr montessoripedagogikk for 1.–10. trinn.
Me legg vekt på eit tilpassa miljø for kvart barn, miljøbevisstheit, gjensidig respekt og ansvarleg avgjerdstaking. Sidan oppstarten i 2012 med 39 elevar har skulen vakse til 67 elevar og 20 engasjerte tilsette.
Vår historie
Hildre Skule vert opna som offentleg grunnskule i bygda.
Kommunen vedtek å legge ned skulen. To engasjerte pedagogar startar montessoriutdanning for å redde skuletilbodet.
Hildre Montessoriskule SA opnar dørene med 39 elevar, SFO-tilbod og tre nye lærarar under montessorisertifisering.
Ungdomsskulen (8.–10. trinn) opnar — no er Hildre ein fullverdig grunnskule.
Skulen har 67 elevar og 20 tilsette i skule og SFO. Fellesskapet veks vidare.
Menneska bak


















I media
Med enkle midlar kan ein skapa spanande leikestativ i skogen. Om korleis Hildre laga naturleikeplass på naturen og barna sine premissar.
Over 100 tilsette frå åtte montessoriskular i distriktet sette kvarandre i stemne på Hildre for fagleg påfyll og erfaringsdeling.
Nikolai Hildre Sårheim blir intervjua om kvardagen ved Hildre Montessoriskule — om mangfaldet i arbeidsoppgåver og gleda ved å jobbe med barn.
Erin Hildre fortel om kvifor ho forstår kampen for å behalde nærskular, og korleis Hildre Montessoriskule blei til etter nedlegging.
Om korleis montessoripedagogikk med tverrfagleg djupnelæring og aldersblanding gir barna reell forståing av samanhengar.
Andrea Rogne og Nikolai Sårheim tok fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget ved Hildre Montessoriskule. Gratulerer!
Bli ein del av laget
Me er alltid interesserte i å høyre frå engasjerte lærarar, assistentar og fagarbeidarar som ønskjer å vere ein del av Hildre Montessoriskule.
Send open søknadBesøk oss
Hildredalsvegen 40, 6272 Hildre