For føresette
Alt du treng å vite om skulekvardagen, SFO, årshjul og praktisk informasjon.
Kvardagen
Skulekvardagen
Opningstider
1.–7. trinn:
Mån–tor 08:30–14:30
Fre 08:30–13:30
8.–10. trinn:
Mån, tys, tor, fre 08:30–14:30
Ons 08:30–15:30
Arbeidsøkta
Ein montessori-arbeidsøkt varer tre timar. Startar med presentasjonar, deretter sjølvstendig arbeid. Barna et frukt undervegs, lunsj innandørs, og utetid midt på dagen.
Klasserommet
I staden for tradisjonelle pultar arbeider elevane individuelt eller i grupper med spesialisert materiell. Aldersblanding gir naturleg samarbeid mellom eldre og yngre.
Korleis me lærer
Materiellet er designa for å gjere abstrakte konsept konkrete og handgripelege. Avgrensa mengder av kvart materiell lærer barna ansvar og deling. Læring skjer utan konkurranse og er ikkje delt inn i tidsavgrensa fagøkter — dette gir rom for djup fokusering og utvida utforsking.
Etter skuletid
SFO
SFO-personalet ønskjer å skape eit triveleg og trygt miljø med fokus på venskap, tryggleik og sosial læring. Leik er verktøyet — barneglede og utvikling er målet.
Opningstider
Måndag–fredag
07:00–16:15
SFO for 1.–7. trinn, etter skuletid.
Prisar
Betalingsperiode: 11 månader
(1. august–30. juni)
2 månaders oppsigelsesfrist frå 1. i kvar månad.
Kontakt SFO: 902 65 042
Søk SFO-plassGjennom året
Årshjul 2025/2026
Årshjulet gir oversikt over viktige datoar, aktivitetar og arrangement gjennom skuleåret. Kontakt skulen for oppdatert årshjul.
Helse og trivsel
Skulehelsetenesta
Eit lågterskel-tilbod for alle
Skulehelsetenesta er eit lovpålagt, gratis tilbod for barn og unge 0–20 år. Formålet er å fremje helse og førebyggje sjukdom, skadar og sosiale utfordringar.
Tenesta tilbyr helsekonsultasjonar, individuelle og gruppemøte, helseopplysing, foreldrerettleiing, vaksinasjonar og tverrfagleg samarbeid.
Nedlasting
